Tema: Klauvskjæring i praksis
Stad og tid: Måndag 27.februar kl 18.30 hjå Even Øyri og Liv Lyngstad

Demo av klauvskjæring, vi tester ut bruk av behandlingsstol, øving, kaffiprat m.m.
Du stiller med nyvaska kjeledress og reine sko. Overtrekksstøvler vert utdelt.
Du kan ta med eigen reingjort kniv/saks for øving/erfaringsutveksling.

Vi ønskjer å skape ein sosial og fagleg møteplass
På årsmøtet vart det diskutert korleis ein kan skape gode møteplassar og kva som skal til for å gjere medlemsskap i lokallaget attraktivt. Det vart vist til andre lokallag som har månadlege enkle sosiale/faglege møter og vi ønskjer å få til dette i vårt lag og.

Styret diskuterte korleis vi skal gå igang med dette og har landa på følgjande:

  • Møter siste måndag i kvar månad i "innesesong" 
  • 27. februar - Klauvskjæring i praksis hjå Even Øyri
  • 27.mars - Sauekontroll praktiske tips - erfaringsdeling før lamminga, under planlegging
  • 28.august, 25.sept (utgår kanskje pga kåring?), 30.okt, 27.nov

Kom gjerne med innspel til møtestader og tema!