Vårmøte Kvam sau og geit 1. april
Velkomen til uformelt fagmøte om lamming tysdag 1. april klokka 20 på Kvam fruktlager.
Veterinær Hanne Meyer Tveit kjem og deler praktiske råd rundt lamming. Ho gjev også status for smittesituasjonen for blåtunge og elles aktuelle problemstillingar knytt til sauehelse i regionen.
Me ønsker uformell prat rundt bordet der me kan dela tips og triks og gode og kanskje mindre gode erfaringar frå lamminga.
Ta gjerne med familiemedlemer og naboar og andre gode hjelparar!
Det vert enkel servering.