TUR I FINT KULTURLANDSKAP TORSDAG 05.JULI KL. 19:00.

 

Vi møter på Bergen og Omland sin parkeringsplass på Kvalvågnes i god tid slik at vi kjem oss av gårde på tur kl. 19. Oddmund Skår gledar seg til å vere vår guide og fortelje om området vi går igjennom. Turen går rundt Straumsneset på fine turvegar, og der er både do og badeplassar for dei som set pris på slikt. Vi møter også litt utfordringar undervegs, så det gjeld å vere våken og opplagt!

Vi avsluttar turen på kaien på Kvalvågnes der er det bord og benkar, men det kan vere lurt å ta med seg ein klappstol viss du har. Der lagar vi bål, så viss du har med pølser og ein kaffiskvett på termosen kan vi avslutta vårsesongen i sauemiljøet med ei hyggeleg samling og god drøs!

 

Vel møtt!

Styret LMSG