Konglevoll 25.02.2012

Til medlemmane i Lindås og Meland Sau og Geit.

Me har diskutert i styret at me kunne tenkt oss litt aktivitet når det gjeld gjetarhund i laget vårt. Me veit at det er mange medlemmar som har gjeterhund , men som ikkje er aktivt med i gjeterhundlaget.

For å samla desse medlemmane tenker me å laga til 6-7 kvelds samlingar rundt i området vårt til våren/sommaren.

Me har snakka med Nordhordland gjeterhundlag og dei seier seg villige til å stilla med folk som kan rettleia oss og hjelpa oss til å få best mulig nytte av hunden vår, ut frå det ynskje og forutsetning kvar enkelt medlem har.

Her vert det fokusert på det sosiale samtidig som det vil ha stor nytteverdi.

Me må ha ei viss formeining om kor mange som kan vera interresert i å vera med på eit slikt opplegg for å kunna planleggja samlingane.

Me ber difor om ei uforpliktande tilbakemelding innan 01.04.12, dersom du trur at dette kan vera noko for deg.

Tilbakemelding kan sendast på SMS til Gro Dale Dalland, tlf: 99295768

Mvh STYRET