Andelslag revejakt LMS 2012

Me har dei siste åra fått tilbakemelding frå medlemmane våre at tap av lam til rev på vårbeite er i ferd med å verta eit stort problem. Enkelt besetninger har mista inntil 35 lam om våren.

Me har i lang tid fått hjelp av reveskabben til å halda bestanden av rev på eit akseptabelt nivå. Men det har og ført til at det er veldig få som går på revejakt. Denne kunnskapen er i ferd med å døy ut. Dette er ein situasjon som me som næring ikkje kan leva med!!

Me har difor tenkt å gjennomføra følgjande som eit prøveprosjekt:

  1. Me opprettar eit andelslag der dei medlemmane i LMS som vil går inn med ein part på kr 1000,-
  2. Me har tatt kontakt med ein jeger som driv med jakt og oppdrett av jakthundar. Han vil jakta i dei områda som er med innanfor andelslaget.
  3. Me betaler han kr 1000,- pr dag + kr 1000,- ved uttak.
  4. Organiseringa vert styrt av LMS. Det vil sei at medlemmar som ser spor eller evt mister dyr melder i frå til styret og så kan me settja inn tiltak der som det til ei kvar tid er eit problem. Då vil det ikkje vera enkelt personar som må ta store økonomiske tap åleine.
  5. Me har søkt om økonomisk støtte frå kommunane våre og ventar på svar frå dei.
  6. Målet er att me skal ha kr 50 000,- til disposisjon. For dei pengane vil me kunna disponera ein erfaren jeger i ca 30 dagar i området vårt.

Dersom det er interresant for deg å vera med på dette, er det berre å betala inn andel på kr 1000,- til konto nr: 3632 44 80581 innan 01.03.2012 og merk betalinga med navn og gards/bruks nr.

For spørsmål ring: Anders Konglevoll , mob: 92498929, eller mail: anders.konglevoll@live.com

Prosjektet vil verta evaluert til hausten.