Sauebønder samla til fagkveld om fôring og val av påsettlam
Over 40 sauebønder tok turen då Lindås og Meland Sau og Geit inviterte til haustmøte. Denne gongen stod val av påsettlam og fôring fram mot lamminga på programmet.
Anders Borgen Brekke frå Felleskjøpet gav ei nyttig innføring i grovfôr, mineral og kraftfôr. Han la særleg vekt på kor viktig det er å følgje med på tilvekst og hald hos både påsettlam og søyer, og korleis god fôring legg grunnlaget for eit vellukka saueår.

Samstundes tok Ove Holmås med seg halvparten av deltakarane i fjøset, der han delte erfaringar og viste kva han ser etter når han vel ut påsettlam. Han fortalde òg om korleis han vurderer val av vêrar til påsettlam av ulike rasar.
Etter 45 minutt vart det servert mat, drikke og kaffi, før gruppene bytte plass. Slik fekk alle deltakarane med seg begge dei faglege øktene.
Tusen takk til alle som tok turen og bidrog til ein lærerik og sosial kveld! Ein særleg takk til Anders Borgen Brekke og Ove Holmås for at dei stilte opp og delte av kunnskapen og erfaringane sine.