Vellykka beitevandring om lyssiv
Ingenting sameinar som ein felles fiende. Kanskje var det nett difor Totland var fylt med sauebønder som ville lære meir om korleis ein kan kjempe mot lyssivet.
Etter ein kald vår kunne sauebøndene igjen møtast over ein varm kopp kaffi, grillmat og fagleg påfyll. I reiskapshuset til Vegard Eidsheim Kvingedal og Åsne Vestrheim var det rydda og rigga til for mat, sosialt fellesskap og fagleg påfyll.
![]()
Med oss denne kvelden var Jonas Dalland frå Norsk Landbruksrådgjeving (NLR). Han fortalde litt om kvifor lyssivet veks så kraftig, og korleis vi som bønder kan arbeide for å leggje til rette for betre vekstvilkår for graset, slik at lyssivet blir halde tilbake. I tillegg var vi heldige som hadde med Laila Bjørge frå landbruksavdelinga i Alver, som delte litt om nokre prosjekt kommunen og NLR samarbeider om når det gjeld lyssiv.
Det kom mange gode spørsmål frå dei frammøtte, og fleire delte òg gjerne eigne erfaringar. I etterkant vart mange verande att for å spørje om råd knytt til både lyssiv, jordprøver og gjødseljournal.
Vi i styret vil takke alle som var med og gjorde denne dagen til ein innhaldsrik og lærerik dag. Takk òg til Nortura som stod for grillmaten.
![]()