Vellykka vårmøte på Hodneland 2026
Det vart eit svært kjekt og vellukka vårmøte i lokallaget i går kveld, denne gongen hos Einar Hodneland. Oppmøtet var godt – nærare 50 deltakarar tok turen, noko som vitnar om stort engasjement og interesse i miljøet.
Dyrlege Hallgrim Andersen heldt eit fagleg innlegg om førebyggjande behandling mot parasittar og rundorm hos sau. Han understreka kor viktig det er å vere merksam på utvikling av resistens, og at ein må unngå å behandle unødvendig eller av rein vane. Innlegget gav nyttig og aktuell kunnskap frå fagleg hald.

Etter det faglege påfyllet vart det servert mat, saft, kaffi og sjokolade. Fru Hodneland overraska også med nysteikte lappar med syltetøy, noko som vart sett stor pris på. Stemninga var god, og praten gjekk lett rundt "borda".
Seinare på kvelden heldt Ove Holmås ei praktisk økt om holdvurdering av sau. Her fekk deltakarane gode tips til korleis ein kan kjenne om sauen er i tilstrekkeleg godt hold eller ikkje. Dette er særleg viktig no fram mot lemming, då sauen har evna til å mjølke av kroppsfeittet utover sesongen. Det er difor i perioden frå innsett og fram til no at grunnlaget for godt hold må byggjast. Holmås forklarte også kva som kjenneteiknar eit godt kryss hos sauen, noko som kan bidra til lettare lemming.

Det var kjekt å sjå at så mange tok seg tid til å kome. Slike samlingar er viktige arenaer for å dele erfaringar, lære av kvarandre og få fagleg påfyll.
Til slutt minner vi om neste samling i lokallaget: I mai vert det beitevandring på Totland. Vi håpar mange har høve til å bli med også då. 🐑