Flott gjennomført gjetarhundprøve
Første søndagen i november var det duka for årets siste distriktsprøve i Hordaland. Med rekorddeltaking må ein kunne seie at konkurransen på Skjerping vart ein suksess...
Med over 40 deltakarar og mykje publikum vart det ein fin og innhaldsrik søndag i solskinnet på Skjerping. Sidan lokalavisa Bygdanytt sjølvsagt var på plass og full reportasje kan finnast i gårsdagens papirutgåve eller på nett - Omtale i bygdanytt - vil me her bruke plassen til å takke dugnadsgjengen og sponsorar som gjorde arrangementet mogleg å gjennomføre.
Tusen takk til:
- System Trafikk AS som stilte med skapbil og gjorde komforten for kafégjengen upåklagelig. - Solberg Mek. Verksted AS som velvillig lånte ut straumaggregat. - Osterøy Veterenærklinikk og Felleskjøpet som stod for flotte premiar. - Grunneigarane Frank Skjerping og Øystein Litun for bruk av innmark til bane, og Arne Skjerping som lot deltakarane og publikum få nytta WC-fasiliteter.Til slutt vil me takka dugnadsgjengen for ein kjempeinnsats med både rigging og opprydding, og sjølvsagt alt arbeidet som vart gjort under sjølve arrangementet.
Helsing arrangøren ved gjetarhundkontakt i Osterøy Sau og Geit Jan Tore Veland.


