Medlemane i Osterøy Lammering har nyleg fått tilsendt heftet « Lammesesongen 2017» frå Nortura. Heftet gjev ei grundig orientering om tiltak for å få best mogeleg utbytte av slaktedyra du har tenkt å levera i haust. Ta vare på heftet, og bruk det når du skal planlegga innmelding av slakt.

I haust er det sesongtillegg på vaksen sau frå veke 31 (frå 31. juli) til og med veke 35 (frå  28. aug.), og opptrapping av prisen frå veke 41 (frå 9. okt.)  til og med veke 49 (frå 4.des.). I desse periodane er det kr 4,00 i overpris på vaksen sau. Pass på å levera dei vaksne sauene i desse periodane, slik at Nortura unngår slakting av vaksen sau i ein travel lammesesong.

For lam er det topp-pris frå veke 32 (frå 8.aug.) fram til og med veke 34 (21. aug). Også i år er prisnedtrappinga brattare enn vanleg. Dette er gjort for å få meir slakt  tidleg i sesongen. Det vil derfor lønna seg å slakta lamma tidlegare enn vanleg. Det er likevel viktig å bruka vekt og å kjenna på ryggen på lamma om dei er slaktemogne.

Lammeringen har sett opp levering Veke 34 (frå 21.aug.), veke 36 (frå 4. sept.), veke 37 (frå 11. sept.), veke 38 (frå 18. sept), veke 39 (frå 25.sept.),  veke 40 (frå 2. okt.), veke 41 (frå 9. okt.), veke 42 (frå 16. okt.), veke 44 (frå 30. okt.) og veke 46 (frå 13. nov.). Dette er dei same slaktevekene som hausten 2016, som eg hadde inntrykk av at  medlemane var fornøygde med.

Dersom det er slaktedyr att etter veke 46 som de ynskjer å levera før nyttår, kan me samla opp til ei levering heilt på slutten av året.

Bruk vekt, og kjenn på ryggen på lamma om dei er klare for slakting!!

 

Lukke til med sauesankinga og haustsesongen.

 

Helsing
Osterøy Lammering
Eiliv Veseth