Følgjande tekst er siste utgåve av "Lammeringleiarnytt" (nr. 11 2014) som vert sendt ut til leiarane i alle lammeringane. All tekst og statistikk er produsert av Nortura.

 

Slaktestatistikken for veke 43 (20.-26.oktober)  viser at det vart slakta 58.500 lam ved Nortura sine fabrikkar. Det er 2.800 færre lam en i veke 43 i 2013. Det betyr at forspranget i forhold til fjorårets sesong krympa til ca 8.500 lam i veke 43. Medel slaktevekt gjekk ned til 18,4 kg, men klassen held seg stabil på 8,1 (litt over R). Denne veka (veke 44, 27. oktober -2. november), ser vi ut til å slakte ca 50 000 lam, omtrent same antallet som veke 44 i 2013. Neste veke (veke 45 3.-9. november) er det innmeldt 29 000 lam, omtrent som fjorårets slakting i veke 45.  Etterspørselen etter lam går også ned, slik at det blir behov for å fryse inn 1700 lam på reguleringslager i veke 45.

Vest-Agder tronar framleis klart på Stjernelam-toppen med Finnmark og Buskerud  på dei neste plassane. God spreiing på Topp-tre fylka altså!

Slaktetalla viser at sesongen nå er sterkt på hell. Sesongarbeidarane vender nasen heim og det er dei faste ansatte som tek over slaktinga. Vi er veldig godt fornøgde med korleis vi har treft med tilførslar av sau/lam og sesongbemanninga dette året. Ein viktig suksessfaktor her er sjølvsagt lammeringleiarane som hjelp oss å skaffe lam når det er manko- og gir beskjed om det blir skyving. Dette betyr mykje for å halde kostnadene nede.

Vi går nå inn i ei periode der risikoen aukar for at slakt av vêrlam kan få lukt og smaksavvik pga brunst. Vi minner om at regelverket for bedømming av dette er som før, dvs at alle slakt av værlam får ei individuell vurdering uansett slaktedato. Tiltak for å redusere risikoen for  lukt og smaksavvik pga brunst er: sorter søyelam og værlam, spesielt dersom sluttfôringa går føre seg inne. Sluttfôr vêrlamma intensivt slik at dei kan slaktast seinast tre veker før paringa startar.

Sjå lenkja under for fylkesvis statistikk:

Lammeringleiarnytt veke 29-43 (14. juli - 26. oktober)