Lammeringleiarnytt nr. 11 2015
Nytt lammeringleiarnytt tilgjengelig.
Da har vi med enda ei veke med oktoberslakting i statistikken. I veke 43 slakta Nortura 62 000 lam med medelvekt 18,5 kg, medelklasse R og medel feittgruppe 2+. Dette er 3400 fleire lam enn i same veke i fjor. Slaktevektene er på veg nedover nå, men det er naturleg så langt ut i slaktesesongen. Både medel feittgruppe og andel lam med feitt-trekk er omtrent som hittil i sesongen. Difor er det rett å senke vektgrensa nå for å unngå for feite lam. Denne veka sklei Vest-Agder opp i Stjernelam-toppen med Troms og Sogn og Fjordane hakk i hel. Troms hadde Stjernelam-andel på 73,55 i veke 43, og når slaktinga er forholdsvis høg enda, verkar det inn mykje på den totale Stjernelam-andelen. Så her er altså ingenting avgjort! Slaktinga er på hell og denne veka (veke 44 26. okt-1. november) ser vi ut til å slakte 55 700 lam. Dette er ca 3500 fleire lam enn same veke i 2014. Neste veke (veke 45) planlegg Nortura å slakte 31 100 lam. Etterspørselen går også ned, men ikkje så mykje som slaktinga. Dekningsgraden blir difor 104 % og berre 1 100 lam kjem inn på reguleringslager. Det er bra!
Pris på sau og lam etter nyttår
Konsernstyret i Nortura har vedteke at medel engrospris på lam skal haldast uforandra i fyrste halvår av 2016. Bakgrunnen for det er ein meir balansert marknadssituasjon for lam med større reguleringslager. Ein ynskjer difor å sjå an situasjonen fram mot andre halvår. Da skal det vera ei ny runde på engrosprisen. Som kjent er det prisen i andre halvår som er viktigast for sauebonden. I Bondebladet neste veke presenterer Nortura engrosprisløypa på lam som har som mål å ta ut uendra engrospris. Endringar i omsetningsavgift og grunntilskot påverkar også prisen til bonden. Nedanfor presenterer vi difor ein komplett oversikt for endringar i pris inkludert endringar i grunntilskot og omsetningsavgift. Som vanleg blir det lagt opp til at ein skal greie å skjære ned sauen i takt med slaktinga etter nyttår. Difor premierer prisløypa på sau den som tek jobben med å utsetje nyttårsslaktinga nokre veker utover 2016.
Som ein ser, så er det ingen grunn til å vente med slakting av lam som kan bli slaktemogne før nyttår. Men hugs på faren for vær-kategorisering av vêrlamma! For å redusere risikoen for det, tilrår vi å skilje søyelam og vêrlam, og at alle vêrlam bør vera slakta seinast tre veker før paringsstart.
Planlagt prisendring på lam 1. halvår:
Dato |
Veke |
Årsak til endring |
Endring kr/kg |
4. januar 2016 |
1 |
Nedgang engrospris (-kr0,40) + auka omsetningsavgift (-kr 0,30) |
-0,70 |
1. februar 2016 |
5 |
Nedgang omsetningsavgift |
0,40 |
8. februar 2016 |
6 |
Auka grunntilskot |
0,50 |
11. april 2016 |
15 |
Auka engrospris |
2,00 |
2. mai 2016 |
18 |
Auka engrospris |
2,00 |
Planlagt prisendring på sau etter nyttår
Dato |
Veke |
Årsak til endring |
Endring kr/kg |
4. januar 2016 |
1 |
Nedgang engrospris (-kr 5) + auka omsetningsavgift (-kr0,30) |
-5,30 |
18. januar 2016 |
3 |
Auka engrospris |
1,50 |
25. januar 2016 |
4 |
Auka engrospris |
1,50 |
1. februar 2016 |
5 |
Auka engrospris (+kr 1,00 )+ nedgang omsetningsavgift (+ Kr 0,40) |
1,40 |
8. februar 2016 |
6 |
Auka grunntilskot |
1,00 |
15. februar 2016 |
7 |
Auka engrospris |
1,00 |
(All tekst og statistikk er produsert av Nortura.)