Lammeringleiarnytt nr. 12 2014
Ny utgåve av lammeringleiarnytt er tilgjengeleg.
Presisering: Følgjande tekst er siste utgåve av "Lammeringleiarnytt" (nr. 12 2014) som vert sendt ut til leiarane i alle lammeringane. All tekst og statistikk er produsert av Nortura.
Da har vi inne slaktestatistikk for siste veka i oktober (veke 44 27.oktober – 2. november). Vi fekk inn godt med lam mot slutten av denne veka slik at vi hamna på ei slakting på vel 52.000 lam denne veka, 1000 fleire enn i veke 44 i 2013. Medelvekta er nå nede i 17,9 kg med ein rein R som snittklasse og medel feittgruppe på 2+, framleis mange fine lam! Vi er nå i ferd med å avslutte veke 45, den siste veka med Gourmetlam-tillegg på lam og effektivitetstillegg på sau. Vi ligg an til å slakte vel 28.000 lam denne veka, omtrent som slaktinga i fjor i veke 45. I neste veke er det innmeldt 14.500 lam, ca 1000 færre enn same veke i 2013. Det er forventa med ein litt kortare "hale" på denne sesongen. Slaktinga dekker etterspørselen på lam, slik at dei ca 3500 lamma vi har på reguleringslager førebels får ligge i fred. Når det gjeld sau, ligg vi an til å slakte ca 3 300 denne veka og 1 700 neste veke, så saueslaktinga er også sterkt dalande nå. Buskerud hadde over 80% Stjernelam i veke 44 og sig innpå Vest-Agder om å bli sesongens Stjernelam-fylke, så her er ingenting avgjort. Finnmark held framleis bronseplassen med god margin.
Sjå lenkja under for fylkesvis statistikk:
Lammeringleiarnytt veke 29-44 (14. juli - 2. november)
Prisendringar på sau og lam etter nyttår
Som vi har vore inne på i tidlegare i Lammeringleiarnytt, så har konsernstyret i Nortura bestemt at medel engrospris på lam skal gå opp med kr 1,80 1. halvår 2015. Nortura Totalmarked har også laga prisløype på sau som tek sikte på å auke medel engrospris med kr 1 i fyrste halvår. Dersom vi tek med endringar i omsetningsavgift og grunntilskot etter nyttår, så får vi fylgjande endringar i utbetaling til bonden etter nyttår på sau og lam:
Prisprognose sau etter nyttår
Dato |
Veke |
Årsak til endring |
Endring kr/kg |
29. desember 2014 |
1 |
Nedgang engrospris |
-4,00 |
12. januar 2015 |
3 |
Auka engrospris |
1,50 |
19. januar 2015 |
4 |
Auka engrospris |
1,50 |
26. januar 2015 |
5 |
Auka engrospris kr 1,00 + nedgang omsetn.avg. Kr 0,30 |
1,80 |
2. februar 2015 |
6 |
Auka grunntilskot |
1,00 |
9. februar 2015 |
7 |
Auka engrospris kr 0,50 + effektivitetstillegg kr 1,50 |
2,00 |
2. mars 2015 |
10 |
Bortfall effektivitetstillegg |
-1,50 |
Sum prisoppgang 12. januar til 9. februar blir kr 7,80 pr kg. Det betyr ca kr 250 pr sau i godtgjering for den som er med å utsetje nyttårsslaktinga av sau til 9. februar og utover. Det er viktig at vi får spredd saueslaktinga slik at vi får utnytta sauen på best mogleg måte.
Prognose for prisoppgangen på lam blir slik:
Dato |
Veke |
Årsak til endring |
Endring kr/kg |
26. januar 2015 |
5 |
Redusert omsetningsavgift |
0,30 |
2. februar 2015 |
6 |
Auka grunntilskot |
0,50 |
9. februar 2015 |
7 |
Auka engrospris |
1,00 |
23. februar 2015 |
9 |
Auka engrospris |
1,00 |
Vi tek forbehald om at det kan bli mindre endringar i nettonoteringa i samband med årsskiftet. Det kan også bli endringa i skinnverdi. Omsetningsavgifta er ikkje vedtatt i Omsetningsrådet, slik at endringane i tabellen over er Nortura sitt forslag.
Slakting av småfe før og etter nyttår.
Her er oversikta over korleis dei ulike småfefabrikkane legg opp slaktinga før og etter nyttår:
Slakting av småfe |
|||||
Anlegg |
Siste uke2014 |
Første uke 2015 |
|||
Bjerka |
50 |
2 |
|||
Forus |
50 |
2 |
|||
Førde |
50 |
2 |
|||
Gol |
50 |
2 |
|||
Karasjok |
51 |
2 |
|||
Malvik |
50 |
2 |
|||
Målselv |
51 |
2 |
Ønsker mest mulig inn før uke 50 |
||
Sandeid |
50 |
2 |