Presisering: Følgjande tekst er siste utgåve av "Lammeringleiarnytt" (nr. 13 2014) som vert sendt ut til leiarane i alle lammeringane. All tekst og statistikk er produsert av Nortura.

Slaktestatistikken for veke 45 (siste veka med Gourmetlamtillegg) viser at vi slakta 26.500 lam med medelvekt 17,6 kg og klasse 7,7 (R/R-). Vi slakta fleire lam i veke 45 i fjor, slik at forspranget til 2013 krympa litt denne veka. Framleis er årets lammekvalitet mykje betre enn lamma vi slakta i fjor på denne tida. I veke 45 i 2013 var medelvekta 16,9 kg. Framleis blir det slakta lam i Nortura. Denne veka ligg vi an til å slakte vel 15 000 lam og i neste veke er det innmeldt ca 9500 lam. Slaktinga neste veke dekker etterspørselen etter lam og 800 lam kan også bli lagt på reguleringslager. 

Det er flott å sjå utviklinga på antall lam frå Nord-Noreg denne sesongen. Noko av forklaringa på nedgangen i slaktinga i einskilde Vestlandsfylke,  er i fylgje rådgjevarane våre,  stort påsett av lam, fordi mange bygger seg opp igjen etter det dårlege fôråret i 2013. Det vil vi i såfall hauste fruktene av neste sesong! Vest-Agder held avstanden i kampen om å bli sesongens Stjernelam-fylke denne veka. Buskerud er framleis like bak og Finnmark på ein trygg bronseplass. Hedmark og det desidert største sauefylket vårt, Rogaland, knivar om fjerde-plassen.  

Det er når slaktinga er liten at både Nortura og lammeringmedlemmene kan tjene mest pr dyr på lammering-organiseringa. Vi ser mange lammeringar greier å ta ut fullt puljetillegg også på denne tida, spesielt dersom ein får til samarbeid med nabolammeringen. På https://medlem.nortura.no/smaafe/lammeringer/kontaktinfo-lammeringledere/ finn du oppdatert oversikt med namn og kontaktinformasjon for alle  510 lammeringleiarane vi har i Nortura nå. 73 % av alle sau/lam Nortura har slakta hittil i sesongen 2014 kjem frå ein lammering.

Lammeringleiarnytt nr. 13  veke 29-45 (14. juli - 9. november)

Veke 45 var også siste veka med effektivitetstillegg på sau og mykje av årets slakting av sau er  unnagjort. Vi presenterer difor også ein slaktestatistikk for sau/ung sau. Vi har slakta 6 500 færre sau denne sesongen enn i sesongen 2013. Årsaker til dette kan vera fleire. Det var dårlege grovfôravlingar i 2013 i mange store sauefylke i Sør-Noreg. Da var det nok ein del som slakta hardt ned på sauen og difor skal bygge seg opp igjen dette året når avlingane er større. Meir grovfôr kan kanskje også føre til at fleire held igjen "tellesau" til over nyttår. Det får vi svar på etter nyttår!