Levér påskelam
Første levering til Nortura frå Grønskaret er i veke 11 (12. – 18. mars). Neste levering er veke 14 (2. – 8. april) og så veke 19 (7. – 13 mai).
Har du verlam som skal slaktast, bør dei leverast veke 11 for å unngå verepris. Osterøy Sau og Geit gjev som kjent eit tilskot på kr. 300 til dei medlemmane som kjøpte kåra lam sist haust, og som slaktar dei no i mars. Meld frå til Kjell Lohne når veren er slakta.
Til fleire som samlar slaktinga til desse vekene, til større vert puljetillegget.
Ta deg ein tur innom Nortura sine heimesider for meir informasjon om innmelding og diverse.
Eiliv Veseth