Nortura hentar dyr på Grønskaret veke 2, 6, 11,14 ,19, 23 og 29.

Meld frå ved innmelding om dyra vert levert på Grønskaret.

Dersom alle melder inn dyra til dei oppsette vekene, vert det større puljetillegg og dermed større utbetaling for alle.

I 2011 er det levert 1253 dyr frå Grønskaret til Nortura, dei aller fleste med fullt puljetillegg, kr 50 pr. dyr, og for dei fleste leverandørane også spart stoppavgift. Dette har tilført sauehaldet på Osterøy 70 – 80.000 kr, for dei fleste veldig lettente pengar.

Me har ikkje fått oversikt over leveransane til Fatland. Dei organiserer inntransporten sjølve, og dyra til Fatland kjem i tillegg til dyra til Nortura.

Utstillingshuset under ombygging.

Flott resultat med heimaspøta gulv og inndelte gardar med eigne foringskassar.

Opning og grilling 12. august 2011 med blandt anna representantar frå Fatland og Nortura på plass.

 

Tekst: Eiliv Veseth

Foto: Sondre Seilen