Leveringsveker til Nortura
Tidspunkt for levering av dyr frå Grønskaret er no på plass.
Til medlemene i Osterøy Lammering
Leveringsveker frå Grønskaret første halvår 2013 til Nortura.
Første halvår 2012 leverte me dyr frå Grønskaret veke 6 (56 dyr), veke 11 (105 dyr), veke 12 (13 dyr) og veke 23 (15 dyr).
Nortura har sett engrosprisen på sau første halvår slik: 31. des. - kr 4,00, 14. jan. + kr.1,50, 21. jan. + kr 1,00, 28. jan. + kr. 1,00, 4. febr. + kr. 1,02, 11. febr. +kr. 2,00, ein prisoppgang på kr. 6,52 frå 14. jan. til 11. febr. Topp-prisen varer fram til 3. mars.
For lam vert prisutviklinga slik: 31. des. +kr. 1,00, 28. jan. + kr. 1,50, 4. febr. + kr. 0,53, 25. febr. + kr. 1,00, total prisoppgang på kr. 4,03. frå årsskiftet til 25. februar.
For å utnytta prisoppgang og puljetillegg maksimalt, burde me derfor samla første levering til veke 9, men enkelte må kanskje levera tidlegare pga. plass- og forsituasjonen.
Eg har derfor sett opp følgjande leveringsveker første halvår:
Veke 4 (21.jan -27. jan), veke 9 (25.febr.-3.mars) og veke 22 (27.mai-2. juni)
Nortura kan flytta leveringsveka dersom det er mykje dyr innmeldt. Produsentane får då slakteoppgjer etter den veka dyra er innmeldt.
Om dette ikkje passar, kan me også levera andre veker, men då vert det mindre puljetillegg. Meld inn på vanleg måte veka før du vil levera. På Web eller tlf. nr. 800 30 360.
Veseth, 4. januar 2013
Eiliv Veseth.