Til Medlemene i Osterøy Lammering

Levering av slakt første halvår 2020

For første halvår 2020 har eg sett opp same leveringsveker som i 2019. Eg har derfor sett opp første  levering veke 10 (frå 2. mars). Det er også naturleg å ha ei levering etter lemminga og før dyra vert sleppt på beite. Der ha eg sett opp levering veke 22 (frå 25. mai).

Det er viktig at me prøver å samla slaktinga til desse vekene for å få størst mogeleg puljetillegg.

 

Dersom nokon ønsker å slakta andre veker ( p.g.a.lite plass, formangel o.l.), så ta kontakt, så skal eg ordna det.

Eiliv Veseth

 

LammeringLeiarNytt nr 15 2019

Da har vi inne slaktestatistikk for dei to siste slaktevekene i Nortura. I veke 49 og 50 (2.-15. desember) slakta Nortura 9 200 lam med medel slaktevekt 16,2 kg, medel klasse R- (7,2) og medel feittgruppe 2+/2 (5,6). Sjølv i dei to siste slaktevekene, der kanskje mange slaktar siste rest av lam, held 71 % av lamma kravet til Stjernelam-kvalitet. Det er bra! Nedgangen i lammeslaktinga er ca som forventa ut i frå endringane vi såg i sauetalet før årets slaktesesong.  Som vi har vore inne på før i LammeringLeiarNytt, er vi veldig godt fornøgd med at Stjerne- og Gourmet lam andelen har auka. Det betyr at ein større andel av lamma held ein kvalitet som vi kan lage lønsame, gode produkt av,  for eksempel Gilde-pinnekjøtt som folket  kosar seg med både før og i jula. Vi er også veldig godt fornøgd med at vi greidde å dekke marknaden med ferske lam i dei mest hektiske sesongvekene i september. Det betyr mykje for det totale salet når vi greier å levere rundt 70 000 ferske lam ut i marknaden på ei veke. Dette er ei kjempelogistikk-utfordring kvar sesong, der alt må klaffe. Vi er ikkje fornøgd med at etterspørselen etter lam går så raskt ned så snart vi kjem til oktober…. Det er ein viktig årsak til at reguleringslageret av lam er høgare nå enn vi ynskjer (tabell 3).  Her har vi ein jobb å gjera saman med kundane våre. Vi har også ein god dialog med kundane om sal av "Hverdagslam" og andre produkt slik at vi kan få opp salet mellom sesongane.

Vi er også godt fornøgd med at vi har fått etablert rutinar for Halal-slakting på fleire slakteanlegg slik at vi kunne levere vel 580 tonn sau til eksport. Dette er bra for marknadsbalansen på sau, men også med tanke på å kunne levere meir sau og lam til den norske Halal-marknaden. Vi er også fornøgd med at andelen slaktedyr levert gjennom lammeringane har gått opp også denne sesongen. Rapporten nedanfor (tabell 4) viser at 79,5 % av alle sau/lam slakta i Nortura kom frå ein lammering, ein auke på 0,7 % i forhold til 2018. Rapporten nedanfor viser at lammering-medlemmene tek ut ein pris som er kr 160 høgare pr lam enn dei som ikkje er med i lammering på grunn av høgare puljetillegg, betre slaktekvalitet, høgare slaktevekt , meir sesongtillegg osv.. Dette resultatet har de lammeringleiarane ein stor del av æra for. Vi veit det ligg mange arbeidstimar bak, i form av organisering og samlasting. Dette er ein jobb Nortura er avhengig av for å kunne greie å gjennomføre slaktesesongen på ein god måte, samstundes som lammeringmedlemmene tener pengar på jobben.  

Rogaland og Buskerud på Stjernelamtoppen

Rogaland og Buskerud har dei siste vekene kniva om den gjeve tittelen "Stjernelam-toppen sesongen 2019". Buskerud la inn ein langspurt dei siste to slakte-vekene, slik at ikkje ein gong målfoto greidde å skilje desse fylka i årets slaktesesong. Båe enda opp med 88 % Stjernelam i sesongen 2019. Det vart difor delt fyrsteplass også denne sesongen som i fjor da Agder-fylka delte 1. plassen.  På 3. plass kom Aust-Agder med 87,6 % Stjernelam. Imponerande resultat og vi gratulerer!

Nedgang i saueslaktinga og tomt reguleringslager for sau før nyttår

Saueslaktinga har gått ned med heile 25 % eller 27 000 sau i årets slaktesesong (tabell 2). Denne nedgangen er uventa høg, og vi lurer på kva det betyr?  Færre sauebønder, stor saueslakting i fjor, fleire kull pr sau og oppbygging av søyeflokken etter tørkesommaren i 2018 kan forklare noko av dette. Endringane på dyretilskotet ved jordbruksavtala 19/20 gjorde at det vart meir lønsamt for fleire å fôre slaktesau over teljedato 1. mars. Vi lurer difor på om dette også kan vera ein del av forklaringa. På grunn av stort sal av sau frå reguleringslager (med store frysefrådrag/rabatt) før sesongen, nedgang i saueslaktinga, auka fokus på sau etter "Matsjokk"-programmet på NRK og eksport, vil reguleringslageret av sau vera tømt før nyttår. I fyrste omgang betyr det lågare omsetningsavgift, og målet er sjølvsagt også å få gjort noko med  prisen på sau som er alt for låg nå. Lagersituasjonen er difor snudd på hovudet nå ved årsskiftet i forhold til ved førre årsskiftet. Nå består reguleringslageret mest av lam.

Ynskjer hjelp til å få oversikt over saueslaktinga etter 1. mars

Nortura ynskjer å få betre oversikt over kor stor saueslaktinga blir etter fyrste mars, for å kunne utnytte desse slakta på ein best mogleg måte. Rett etter nyttår kjem vi difor til å gå ut med ein SMS der vi oppmodar om at lammeringmedlemmene melder frå til lammeringleiarane kor mange "slakte-teljesau"  dei evt. har ståande. Vi håpar da på hjelp frå lammeringleiarane med å få dette meldt inn så fort som råd. På "Min side" er det mogeleg å melde inn dyr mange veker fram i tid. Slakting etter 1. mars blir da i veke 10 eller seinare. Hugs at det er mogleg å endre tal innmeldte dyr heilt til innmeldingsfristen, så det er mogleg å få med evt. tom-søyer osv likevel. Målet er at vi alt i januar kan gje plan-folka i Nortura ei nokså sikker prognose på kor stor mars-slakting det blir på sau.

 

Tabeller: 

Tabell 1: Slakting av lam i Nortura seongen 2019

Tabell 2: Slakting av sau, ung sau/vær i Nortura sesongen 2019

Tabell 3: Reguleringslager i tonn av sau og lam veke 50 i 2018 og 2019

Tabell 4: Resultat innanfor og utanfor Lammering i 2019