Det arbeidet som er gjort, og drifta av oppsamlingshuset, er i samsvar med vilkåra som vart sett frå Mattilsynet då me søkte om godkjenning og før me starta arbeidet med huset. Viken hadde ingen innvendingar til dette.

Under besøket kom Viken med ynskje om å laga til ei form for ”smittesluse” for å forhindra at dei som leverer dyr ikkje skal dra eventuell sjukdomssmitte med seg heimatt. Han nemnde spesielt om det skulle koma smitte av salmonella i ein buskap som leverer på Grønskaret, og at andre kan dra smitten med seg heim.

Dette kan ordnast enkelt ved at me lagar til ein inngang på austsida av huset, mot plastmottaket til Bondelaget. Så ryddar me bort alt rotet i denne enden av huset og legg inn spaltegolv også her. Her skal me ha eit lite bord og stolar, og kaffikokar med kaffi til dei som leverer.

Dei som skal levera, og andre besøkande, skal bruka denne inngangen (reint område), og før dei går inn der dyra er (ureint område), må alle skifta sko. OSG skal skaffa nokre par med store gummistøvlar som er lette å få på seg. Gjer me dette, reduserer me sjansen for smittespreiing kraftig, og Mattilsynet vil vera fornøgd med eit slikt opplegg.
 

Eiliv Veseth