Nortura ynskjer å få ei tilbakemelding over kor mange sauer, værer, lam medlemmane i ringen din har tenkt å levere i perioden 1.januar – Påske (9. april).  

Ta ei runde med alle medlemmane dykkar så snart de har høve.  Kan også være greit for å få innmeldingstal til etter nyttår.  Treng ikkje gå i detaljer om kor mange pr.produsent eller leveringsveke. Held å få dette samla.  Ser for oss at ein del av dei vaksne sauene vert innmeldt til januar, febr. (når ein er ferdig med eventuelt fosteteljing).  Lamma kjem sikkert hovudsakleg i slutten av februar eller mars.  Det er desse lamma vi ynskjer å kunne vite litt meir om i høve salget. 

Dette kan være nyttig informasjon i høve skjæring av voksen sau, og salg av ferske lam i februar, mars (Påskelam).  

Elles legg vi opp til å invitere lammeringsleiarane på nokre møter der vi går igjennom evaluering, nytt og nyttig frå Nortura.  Kjem nermare info om dette til veka. 

Vi ynskjer tilbakemelding så snart de greier og innan 9.Desember. 

Mvh

Nortura Førde, Medlemssenteret.
Johannes Nedrebø
90571243
johannes.nedrebo@nortura.no
 
 
 

Til medlemene i Osterøy Lammering

Som de ser av e-posten frå Medlemssenteret i Førde ynskjer Nortura å få ei oversikt over kor mange sau og lam de ynskjer å levera i perioden frå nyttår til påske, og ca. kor tid dei vert leverte.

Send meg ei oversikt enten som SMS eller e-post (e-postadressa mi er eiveseth@online.no, så skal eg summera opp og senda oversikta til Nortura.

Legg ved link til ei oversikt over prisutviklinga for sau og lam fram til påske, som de kan bruka når de melder inn.

Prisutvikling

 

Leveringsveker første halvår 2017

I 2016 hadde me levering veke 4 (frå 25. januar), veke 8 (frå 22. februar), veke 12 (frå 21. mars), veke 19 (frå 9. mai). 
 
Første halvår 2017 har eg sett opp dei same leveringsvekene, men leveransen i mai er utsett ei veke.
 
Dermed vert det levering: veke 4 (frå 23.jan),  veke 8 (frå 20. febr.  veke 12 (frå 20. mars og veke 20 (frå 15. mai 
Håpar desse datoane passar for dei fleste. Om du likevel må levera utenom desse vekene, så hentar Nortura dyra, men då vert det mindre puljetillegg.
 

God jul og godt nytt år!!

Helsing Eiliv