Romjulstrening med noko attåt
Me gjentar suksessen frå ifjor og inviterer medlemmer i HSG til årsavslutning ved treningshegna til Audun på Hartveit fredag i romjula kl. 17.00 og utover.
Me fyrer i bålpanna og lager gløgg. Flomlyset vil vere tent så lenge der er folk. Ta med hund viss du har, litt mat og legge på grillen og det du liker å drikke. Har du lyst å komme tidlegare på dagen og utnytte dagslyset til litt trening kan du det. Alle er hjarteleg velkomne! :)