Til medlemene i Osterøy lammering
Her kjem ei lita orientering om haustsesongen som står for døra (oppdatert versjon).
Til medlemene i Osterøy lammering
Hausten nærmar seg, og det er tid for å planlegga haustsesongen i lammeringen.
Hausten 2012 hadde me første leveranse i veke 36, og det passa bra i fjor. Eg har derfor sett opp første leveranse veke 36 (2.- 9. sept.) også i år.
Vidare har eg sett opp Veke 38, veke 39, veke 40, veke 41, veke 42, veke 43, veke 44 og veke 46. Dette er dei same vekene som me leverte i 2011 og 2012.
Veke 36 og veke 42 til veke 45 er det sesongtillegg, (høgare engrospris og ekstra grunntilskot til saman kr 3,50 pr kg) på vaksen sau, dette for å unngå slakting av vaksen sau i ein hektisk lammesesong.
Innmelding av slakt vert som i fjor, meld inn til Nortura, helst på Internett, eller telefon 80030360.
Eg håpar at desse leveringsvekene passar, og at Nortura kan henta dyr i dei vekene me har sett opp. Er det noko du vil forandra på eller noko du lurar på, så ta kontakt på telefon 41201840.
Med helsing Eiliv Veseth