Ullinnsamling
Det vert ullinnsamling på Grønskaret onsdag 2. mai.
Dei som leverer til Fatland må setje sekkane i huset. Til Nortura kjem det bil mellom 18.00 og 19.00
Meld inn til (gjerne sms)
Else - 90940438
Ronny - 93057053
Til dei som leverer på bilen er det svært viktig at sekkane vert stua godt heilt frå starten. Bruk gjerne ein spikar til å stikka hol på sekkane. Då vert det lettare å få ut lufta i dei som ikkje er fullstappa med ull. Trakk sekkane godt saman, og fyll heilt til taket på bilen. Legg sekkane med botnen fram, då er dei lettare å stabla. Skriv medlemsnummeret i botnen av sekken og antal sekkar levert og avsendar på sida av sekkane. Då vert det mykje enklare for ullstasjonen å sortera på kvar leverandør.
Kom litt refs etter forrige ullevering at sekkane i det fremste rommet var for dårleg stua. For å få plass til alt vart sekkar frå enkelte leverandørar spreidde i fleire rom, som førte til mykje ekstraarbeid under sorteringa på ullstasjonen.
Dette MÅ me gjera betre denne gongen!