Verlamkåring
Verlamkåringa vert laurdag 29. september i samband med Landbruksdagane på Osterøy i Osterøyhallen.
Fana/Arna/Åsane og Osterøy har felles kåringssjå. I fjor var me på Stend, og i år er det Osterøy sin tur. Me reknar med at det vil verta kåra ca. 100 verlam av ulike rasar.
Me vil oppfordra alle til å bruka kåra verlam i buskapen, på kåringa er det godt tilbod på verlam av dei fleste sauerasane. Alle som er med i Sauekontrollen kan møta med dei beste verlamma til kåring, og me vil oppfordra alle i kontrollen til å ta verlam med til kåring!
Kåringsreglane finn du HER.
Kort frå reglane:
- Lammet må ha lammeindeks på minst 110.
- På kåringa gjev dommarane poeng for Kropp, Bein, Ullkvalitet og Ullmengd. Poengskalaen er frå 5 til 10, og minstekrav til å verta kåra er 6 poeng.
- Lammeindeks og dei 4 dommarpoenga vert så summert saman, og minstekrav for å verta kåra er 140 poeng.
Eiliv Veseth