Til medlemene i Osterøy Lammering

På siste årsmøtetet til Osterøy Sau og Geit føreslo eg at det vart valgt ein kontaktperson frå Sau og Geit som skulle vera med å leia lammeringen. Styret i OSG har valgt Mons Kjetil Vevle til kontaktperson, og han har vore med i planlagt haustsesongen. Det er viktig å samla leveringane mest mogeleg, for å få maks. puljetillegg, samtidig som medlemane får levert dyra til rett tid.

I haust er det sesongtillegg på vaksen sau frå veke 32 til veke 36, og frå veke 42 til veke 45. Pass på å levera dei vaksne sauene i desse periodane, slik at me unngår slakting av vaksen sau i ein travel lammesesong.

For lam er det topp-pris fram til og med veke 35, deretter vert prisen trappa ned utover hausten som vanleg.

Me har sett opp levering Veke 34, veke36, veke 38, veke 39, veke 40, veke 41, veke 42, veke 43, veke 44 og veke 46.

Dersom det er slaktedyr att etter veke 46 som de ynskjer å levera før nyttår, kan me samla opp til ei levering heilt på slutten av året.

I heftet «Lammesesongen 2014» som alle Norturaleverandørane har fått tilsendt er mange nyttige tips for å utnytta leveringsvilkåra og prisløypa. Ta vare på heftet og bruk det utover hausten, Eit viktig tips er å bruka vekt og å kjenna på ryggen på lamma om dei er klar for slakting.
 

Lukke til med sauesankinga og haustsesongen.

 

Helsing

Eiliv Veseth