Kåre Hole ønskte velkommen til møtet. Maya Riise frå landbrukskontoret i Alver kommune var med oss på møtet
denne kvelden. Ho var stedfortreder for Kjartan Nyhammer som var sjuk. Ho snakka litt om kva som er nytt no etter kommunesammanslåinga. Dei er mellom anna eit mykje større fagmiljø no. Dei har bedre spisskompetanse og det er bedre samarbeid mellom landbrukog arealforvaltning no.
Kommunen har fått nye oppgåver frå fylkesmannen i Vestland. Tilskot til organisert beitebruk, der er søknadsfristen allereie 1.mars. Tilskot til skogbruk. Der er det tilsett ny ansatt idag.
Kven er vi?

Dei er 6 fast tilsette. Det er ein leiar og så er det er 3 rådgjevarar på landbruk og 2 rådgjevarar på skog og vilt.
Kjartan Nyhammer leiar avdelinga.

Laila Bjørge er Landbruksrådgjevar i 100% stilling. Ho er bonde på Bjørge i Lindås kommune. Ho har lengre fartstid innan landbruksforvaltning enn dei andre til saman.

Øystein Kolstad er landbruksrådgjevar i 80% stilling. Han har hovedansvaret for produksjonstilskot , avløysartilskot ferie/fritid og ved sjukdom. Han vil også ha ansvaret for søknader om tilskot til drenering /grøfting og søknader om nydyrking. Han bygger for tida ny lausdriftsfjøs med mjølkerobotheime på garden sin.

Maya Riise er landbruksrådgjevar med ansvarsområde innan RMP og SMIL -midlar. Ho har gard på Solend

Mikkel Bengtsson er nyansatt 1. Februar og er ansatt i 100% stilling med ansvarsområde innan viltforvaltning og skogbruk. Han er dansk og har 5-årig utdanning innan skogbruk. Han har og tilleggsutdanning som viltforvaltar og det er dette han har jobba mest med.

Nils Kaalaas er innleigd til å avslutte pågåande vegsaker og hjelpe i gang dei nye folka som skal jobbe på landbrukskontoret med skog , vilt og landbruksvegar.Han er bonde på Kålås i Lindås . Han kjenner kvar ein krok i regionen vår.

Dei har også ei syrisk dame, Roba, med utdanning innan landbruk som skal vere der i 1 år framover, hovedskalig for å lære norsk.

Kor er vi?
Dei held til i landbrukets hus i Knarvik . Dette er midlertidig. Her er dei alle dagar utanom Torsdag , då har dei kontordag m.a på Manger. Det er også mulig å avtale møter utanom Torsdag på Manger.

Maya snakka også litt om band tvang og var også interresert i å høre vår meining om dette. Alver kommune har pr.idag ordinær bandtvang som er frå 1.April -20.August. Edgar Grindheim påpeikte at sidan vi har sauer som beiter ute heile året er behovet der heile tida.
Maya Riise understreka at ein som hundeeigar har eit kontinuerlig ansvar for at hunden er under forsvarlig kontroll. Maya sa også at det er vanskelig å begrense aktiviteten. Elin Morken lurte på om det hadde vore mulig å seie frå om at her går det sauer og at ein derfor må ta hunden i band.
Vidar Morken påpeikte at datoen 20. August verka nokså malplassert og at etter 20. August kjem sauene heim frå fjellet.
Torill Valdersnes lurte på korleis ein kan handheve dette med lause hundar i fjellet. Det er eit problem at sauene vert uroa. Nokre hundeeigarar meiner at så lenge hunden ikkje bit er det ikkje noko problem .
Kristen Risnes sa at dette er ein kime til konflikt mellom turlaga i regionen og beitebrukarar i Stølsheimen. Det er lite forståelse ute og går og saueeigarar beitebrukarar kan lett verte oppfatta som kverulantar. Det verkar nesten som at så lenge det er ein organisert tur kan ein gjere som ein vil .
Elin Morken lurte på om det hadde gått an og fått ei forskrift som seier at der det er beitedyr kan ein få båndtvang heile året. Dei som har hund er glade i hundane sine .Ingen har som mål at hunden vert avliva for hunden hundeeigar og saueeigar si skuld.
Jan Gunnar Vaktskjold påpeika at organiserte turar som f,eks Stolpejakten fører til at det vert fleire og fleire lause hundar rundt omkring og at ikkje alle er klar over at det er eit beiteområde dei går inn i . F.eks er Solheimsåsen eit slikt område.
Maya Riise meinte at det kunne vere litt å hente på å skilte godt slik som dei har gjort f.eks på Toska.
Svein Haugen påpeikte at skiltinga burde vere svært tydelig og at respekten for skiltinga kunne vere svært mangelfull . Han hadde sjølv sattopp skilt der noken hadde hengt frå seg ein pose med hundeskit i. Han meinte og at kommunen måtte vere å banen med skilting om parkering til turgåarane . Han hadde sjølv opplevd å bli innestengt pga at utkøyringa hans vart blokkert av parkerte bilar. Han hadde tenkt på kva som kan skje hvis f.eks utrykningskjøretøy som brannbilar o.l ikkje kjem seg fram. Edgar Grindheim støtta at det med skilting og informasjon var viktig . I Syltaneset som er eit beite område der det går villsau heile året er det nesten heilt slutt på lause hundar.
Jan Gunnar Vaktskjold meinet at det var viktig med ei fornuftig behandling av dette og at det var viktig med god dialog .
Ein kom fram til at 1. april – 1. november kunne vore ei ønskelig tidsramme på båndtvangen. Maya Riise skulle ta dette med seg attende til landbrukskontoret og kommunen .
Maya orienterte også om skuddpremie på rev . Kva som skjer no når det er Alver . Det er ingen nye vedtak pr. idag. Andre stader er det slik at lokale interesser og lag premierer sjøl. Elin Morken lurte på om det kunne vere lurt at sauelaga hadde sendt ei oppmoding om båndtvang og om skuddpremie i brevform slik at dette var på plass ved ei eventuell polistisk behandling.
Dag Sætre hadde spørsmål om det er etablert eit landbruksfagråd i den nye kommunen.Og påpeika at dette er ein fin måte og få til eit samarbeid melom dei ulike laga og organisasjonane. Maya hadde fått dette spørsmålet av fleire dei siste dagane og lova å tadette med seg attende til dei andre i kommunen.
Maya var interresert i å høre kva vi tenkte om dette med skuddpremie. Er det viktig for jakta? Fleire meinte at det nok kunne anspore til meir jakt. Da det var landbruksfagråd i Radøy var det stemning for å auke skotpremien på rev. Men det var ikkje hjemmel for å gjennomføre det. Maya sa at det vanligvis ikkje er slik at det offentlige skal premiere skotpremier. Og at den ordninga vi hadde mest sannsynleg ikkje vert videreført. Fleire plassar er det beitelaga som gjer dette .
Kan det vere ein mulighet for sauelaget å søke kommunen om støtte til skadedyrbekjempelse? Kåre Hole stilte spørsmål om korleis ein no kan få registrert antall revar. Kan landbrukskontoret vere behjelpelig med dette?
Maya svarte at ho meinte at Mikkel Bengtsson var rett mann å snakke med om dettte.

Etter at Maya Riise var ferdig med informasjon frå den nye kommunen hadde vi ein matpause før vi gjekk videre med dei vanlege årsmøtesakene.
1. Kåre Hole vart vald til møteleiar
2. Innkalling og saksliste vart godkjendt
3. Erna Tunsberg Erstad vart valgt til skrivar
4. Jan Gunnar Vaktskjold og Maya Riise vart valgt til å skrive under
møteprotokollen
5. Erna Tunsberg Erstad las opp årsmeldinga .

Årsmeldinga vart godkjendt og det vart gitt tilbakemelding om at det var ei informativ og oversiktlig årsmelding. Vi fekk også kommentarar om kåringssjået på Austrheim og tidspunktet på dette. Kristen Risnes kommenterte at det er ønskelig å få dette ei veke tidlegare neste år, pga av dei som skal selge kåra verlam. Det blir vanskelig å bli kvitt
lamma dersom vi heile tida skal vere sist.
Svanhild Neteland er ein av dei som ikkje er interresert i å flytte datoen. Vidar Morken meinet at vi må sette hardt mot hardt og sei ifra at enten flyttar ein arrangementet ellers må vi trekke oss. Vi vert nødt til å prøve å få til ein dialog .
Kåre Hole hadde vore i dialog med Gunnstein Sætre om dette og forklart han at det kan verte slik at fleire og fleire kårar sauene sine i Knarvik på Bondens dag og da kan det hende kåringssjået på Austrheim vert flytta frå Laurdag til Søndag.

6. Rekneskapen vart lagt fram av Edgar Grindheim.
På posten ullinnsamling kom alle inntektene i januar 19 derfor vartdet slik .På kontingent fekk ein tilbakebetalt den halve kontingenten etter vervingskampanjen i 18 dette utgjorde at summen vart så høg. På utgifter kåring kom alle utgiftene i 19 og 0 i 18 fordi regninga vart så seint sendt ut frå Austrheim.
Rekneskapen vart så godkjendt.

7. Handlingsplan
Kåre Hole las opp forslag til handlingsplan frå styret som følger;

2 medlemsmøter
Kåringssjå
Lam til ungdomsskulen
Ullinnsamling
Julemøte
Prøve å rekruttere kåringsdommarar

Kristen Risnes kommenterte at det er viktig å få nye dommarar fordi det nesten ikkje er nye dommarar i Nordhordland. Dersom nokon veit om nokon som er aktuelle er det fint om ein gir beskjed. Gunnar Kartveit stilte spørsmål om kva det inneber av kursing og forberedelser å verte kåringsdommar. Kåre Hole svarte at det er eit dagskurs .Kristen Risnes bekrefta dette og forklarte at i tillegg er ein å regne som aspirant det første året ogfår alltid vere ilag med ein meddommar. Så kan ein måtte prøve seg aleine men hvis ein er usikker er det rom for å fortsette å dømme i par.
Vi bestemte også å ta med punkt i handlingsplanen om premiering av revejegarar . Årsmøtet avgjorde at ein set av 10000kr til premiering. 200 kr pr rev. Den summen ein ikkje bruker opp vert så videreført til neste år. Evaluering på neste årsmøte.
Ein skal få landbrukskontoret til å vere seiøse aktører i tellinga av rev og den som er på landbrukskontoret på Torsdagar kan klippe klør. Vi vart og enige om å sende ut ein e-post til alle medlemmane om vedtaket om å premiere, samt å oppfordre Lindås og Meland om å premiere sine og at det på denne måten ville verte lettare og få til eit samarbeid med Nordhordland jakt og fiske.


8. Innkomne saker / saker frå styret
Kåre fortalte at det var ingen innkomne saker. På saker frå styret underretta Kåre om alle utfordringene som har vore
knytta til innkreving av kontingent. Det hadde komme skriv frå NSG om at årsmøtene skulle vere avholdt før 1.Februar og at alle som skulle stemme på årsmøtet måtte ha betalt kontingenten. Han fortalte at han og dei andre sauelaga i nordhordland hadde gått saman om å sende brev til styremøtet NSG skal ha om ei veke. Dei ga der beskjed om at alle sauelaga her kom til å la sine medlemmer stemme ved valga uavhengig av om dei var medlemmer eller ikkje.
Der tok dei og opp desse punkta
1 Har me innkreving til rett tid?
2 Er innkrevinga gjort på rett måte?
3 Korleis følge opp dei som ikkje har betalt?
4 Informasjon til lokallaga om endring i medlemsmassen.
Det siste punktet med tanke på at nye medlemmer ikkje mottek viktig informasjon frå lokallaget om møter o.l Eller at medlemmer som har meldt seg ut fortsatt vert innkallt. Forslag om at innkreving av kontingenten skjer pr. E-post og med forfall 01.03. Då har me nett fått tilskot og NSG slepp problem med at dei som stiller på årsmøte ikkje har betalt kontingenten, da medlemskapet gjelder fra 01.03- 28/29.02. Påminning om manglande betaling kjem i midten av Mars og lokallaga får melding om kven som har fått påminning og betalingsfrist . Da har lokallaga mulighet å ta kontakt med dei etter betalingsfristen visst dei ikkje har betalt.
Edgar ga honnør til Kåre som hadde ført dette i pennen, tatt kontakt med dei andre sauelaga og fått brevet avgarde til NSG.

9. Valg av nytt styre
Svein Haugen har vært leiar i valgnemda og las opp valgnemdas forslag . Han benytta anledningen til å fortelle at folk hadde vore postive og lett å ta kontakt med og derfor hadde det vært ein mykje lettare jobb å vere i valgnemda denne gangen .
VALG AV NYTT STYRE
LEIAR ; Torill Valdersnes ( valgt for eit år)
STYREMEDLEM ; Erna Tunsberg Erstad ( valgt for 2 år )
STYREMEDLEM ; Sissel Borgund Johannessen (valgt for 2 år)
STYREMEDLEM ; Øyvind Morken ( på valg neste år)
STYREMEDLEM ; Edgar Grindheim ( på valg neste år )
VARA MEDLEMMER;
1.VARA ; DAG SÆTRE ( valgt for1 år)
2. VARA ; KÅRE HOLE ( valgt for 1år)
3. VARA ;THORE JOHNSEN ( valgt for 1.år)
Revisorar Kristen Risnes og Vidar Morken
Desse er valgt for 1 år
Valgkomiteen
1. Knut Arve Kartveit
2. Elin Morken
3. Atle Mariussen
Svein Haugen går då ut etter 6 år og ny inn er Atle Mariussen. Godgjersla til styret vart foreslått uendra og styret fekk fullmakt til å velge utsendingar til årsmøtet sjølv. Møtet slutt ca 22.10

Etter kostituering vert det nye styret som følger;
LEIAR ; Torill Valdersnes ( valgt for 1 år)
NESTLEIAR ; Øyvind Morken (på valg nesteår )
SKRIVAR ; Erna Tunsberg Erstad (valgt for 2 år )
KASSERAR ; Edgar Grindheim ( på valg neste år )
STYREMEDLEM ; Sissel Borgund Johannessen
Utsendingar til årsmøtet i HSG leiar Torill Valdersnes og styremedlem
Erna Tunsberg Erstad, vara Sissel Borgund Johannessen.


Referent Erna Tunsberg Erstad