Saksliste:

  1. val av møteleiar
  2. godkjenning av innkalling og saksliste
  3. val av skrivar
  4. val av 2 til å skriva under møteprotokoll saman mad møteleiar
  5. årsmelding
  6. rekneskap
  7. handlingsplan for 2017
  8. innkomne saker / saker fra styret
  9. Val av nytt styre, revisorer og 2 utsendinger til årsmøte i HSG
  10. val av ny valnemd

Saker som skal takast opp på årsmøtet  må vera levert leiaren 7 dager før årsmøtet
 ( ka-hole2@online.no )


Årsmelding og rekneskap blir å finne på heimesida så snart det er klart.


Kåringssjået for Nordhordaland på Austrheim er ein stor dag for saueholdet der me virkelig for vist oss fram, i 2016 var det landets største kåringssjå. Det inneber mykje arbeid for å få dette til, her er mange krav som skal stettast (dyra skal vera tørre, skal vera plass til å dømme dyra i bingene uten å flytta på dei .) dette gjer at me må ha eit stort telt. Det er mykje folk innom slik at det må vera ordna parkeringsforhold osv. Dei siste åra har det vorte mykje arbeid på enkeltpersoner. Spesielt har saueeigarane på Austrheim mange dager med dugnad for at dette skal gå i hop, her er mange som har tatt fri fra jobb for å jobbe dugnad. Me vil oppmoda alle medlemane i laget å vera med å hjelpa til, visst fleire er med vert det «levelig» for alle.


Styret kjem med forslag til sak 8: Alle som stiller værlam til kåring må vera med på dugnad før / etter kåringa. Styret set opp liste over kortid den einskilde skal stille på kåring, og det vert høve til å bytta innbyrdes. Dei som skal stille dyr til kåring må gje styret beskjed 1 veke før kåringa, grunna planlegging av oppsett.

 

For styret

Kåre Hole