Kåringssjå
Austrheim 06.10.2018
Kåringa starter kl 09.00, og dyra må vera på plass seinast kl 08.30
Grunna ny dyrehelseforskrift som trådde i kraft 1 juli i år, må mattilsynet ha melding om kva dyr som blir stilt seinast 7 dagar før kåringa, og det skal medfølge egenerklæring på at dyra er friske.
Påmeldinga i år blir derfor fredag 28.09, og vert å senda til Randi Undertun epost: runde@broadpark.no, med kopi til Kåre ( som vidaresender til mattilsynet) epost ka-hole2@online.no
Når de kjem til Austrheim må alle fylla ut ei eigenmelding på at dyra er friske.
Det vert oppsetjing av telt onsdag eller torsdag ( væravhengig).
Dyra skal vera tørre ved kåring
Prisen på kåringa er i år kr 150 pr stilte dyr.
Sjå elles på heimesida til HSG om regelverket for kåring av lam.
I løpet av helga skal eg prøve å fordele arbeidsoppgåvene etter beste evne, rigging onsdag ev torsdag oppsetjing av grinder fredag? Parkeringsvakter osv.
Alle som stiller dyr er med og rydder når me er ferdige.
For styret
Kåre Hole