Årsmøtet i Radøy sau og geit vart halde  den 20 . februar på Smiths møte og selskapslokale kl 20.00. 10 medlemmer møtte på årsmøtet .

På grunn av sjukdom vart det Ove Holmås som møtte istaden for Nils Inge Hitland som stod oppført på møteinnkallinga .

Ove Holmås snakka om organiseringa i NSG. Ein har no fått ny kontorsjef.
Dette er veldig bra , det er no meir orden på ting .

NSG semin er no nedlagt . Alt går no inn under NSG. Det vart for dyrt med to selskap , to rekneskap osv.
Semin har auka med 6%. Det går bra økonomisk.
Det er for tida litt diskusjon om ein skal oppretthalde to seminstasjonar, det er dyrt .
Ove Holmås snakka også litt om rovdyr.
40% lammetap i enkelte bestningar. Her hos oss er lammetap på beite veldig høgt i forhald til det som vert innmeldt til SNO.På Austlandet er det bjørn , ulv, jerv og gaupe som tar mykje dyr .
Her hos oss mister vi mykje lam pga alveld /flogemakk.
Det er ein del avkortningar i erstatningar . NSG vil prøve å vinne fram med ein rettsak slik at denne kan danne presedens for andre.
Beitenekt . Det har vore opptil 20 % lammetap i enkelte besetningar  p.g.a  alveld /flogemakk .
NSG og mattilsynet har hatt eit visst samarbeid. Pressa fram rovdyrforliket i Stortinget.
Ein person ansatt på rovdyr frå 2.januar . FKT gjev midlar til lønn .
NSG , bondelaget og småbrukarlaget håper på ny stilling til utmark .Utmark er ein stor post . Mange utfordringar.
Granskingstilskuddet på sjeviotsauen er i fare p.g.a at antallet kjøttsau og pelssau er minst like stort og desse får ikkje tilskudd til gransking.Det vert ein diskusjon på heile avlsprossessen .Skal ut på høyring på neste landsmøte.
Det er arbeidsomt å drive vere ringsarbeid slik det vert dreve idag . Vanskeleg å få nye bønder  interresert. Ein opning / mulighet for å blande dyr frå fleire flokkar ville letta avlsarbeidet .Dette er noko ein ventar at mattilsynet vil komme med ein ny melding om .Ca 5 millioner kroner utbetalast til alle ringane i samla granskingtilskudd , ca 2000 pr ver .Str på ringane er på ca 2000 sau , dette  har ført til at ein del ringar har måtta delt seg opp .
Beitelaga må no omorganiserast til samvirkeforetak . Dette kostar 6000 kroner . Det er ca 900 beitelag . NSG utarbeider no retningslinjer om at ein kan danne forening istaden . Det kjem oppskrift frå NSG.
Medlemsverving er viktig .Potensiale på over 400 medlemmer meir i Hordaland . Medlemskontigenten finansierer ikkje  semin og avl. Avlen sørga iår for eit pent overskudd.
Mange gode resultat for verane også lokalt her i ringane .
Jordbruksoppgjeret ; Der vert satsingsområdet å få meir tilsudd til utmark .
Ove Holmås hadde laga seg eit reknestykke på kva det kostar å ha sauene til fjells . Ca 300 kr i utgifter på kvar sau . Tvillingsau vert då 900 kr . Ein får 125 kr i utmarkstilskudd idag . Dette er altfor lite . Dersom ein ikkje reknar med sankedagar i reknestykket vert utgiftene ca 180 kr på kvar sau.

Det er no eit prosjekt på gang angåande kva attgroinga har å seie for turismen .        
Ove Holmås snakka også om kva slags struktur ein skal legge seg på i tilskudd til dyretal . Han prøvde å få igang ein diskusjon på dette . Han spurte også om vi meinte dette med pris var viktig . Han meinte dette er veldig viktig for at vi ikkje skal virke altfor defensive .

Radiobjøller ; Fungerer veldig godt .Altfor dyrt 250 – 300 kr i årleg kostnad . Levetid på ca 5år  .
Minuset med radiobjøllene er at ein må ha mobildekning.Ein ønskjer å sjå nærare på kvifor det er så store tap i enkelte område . Ein kan få midlar til dette gjennom eit nasjonalt beiteprosjekt.    Det er nok å ha radiobjøller på 30 % av flokken /dei vaksne. Mest på dei unge sauene.Lamma kan ha sendarar som kan oppfattast av radiobjøllene til sauene  . Dette er ikkje problemfritt .Fordel med at i   rovdyrutsatte område kan ein  oppdage når flokken er uroleg .
Ein oppklaring på alveldproblematikken ser no ut til å vere nærare en nokon gong . Men ein treng meir pengar .


Etter at Ove Holmås var fredig å snakke var det matpause før vi fortsatte med årsmøtesakene .

 

  1. VAL AV MØTELEIAR
    Kåre Hole vart vald til møtelaiar  .
     
  2. GODKJENNING AV MØTEINNKALLING OG SAKSLISTE    .
    Desse vart godkjendt
     
  3. VAL AV SKRIVAR
    Erna Tunsberg Erstad  vart vald.
       
  4. VAL AV TO TIL Å SKRIVE UNDER MØTEPROTOKOLL SAMAN MED MØTELEIAR.
    Edvin Vågstøl og Ivar Soltveit vart vald
     
  5. ÅRSMELDING
    Årsmeldinga vart opplest av Kåre Hole . Det kom spørsmål frå Gunnar Kartveit på antall revar i Radøy .
    Årsmeldinga vart godkjent.
     
  6. REKNESKAP
    Rekneskapet  vart lagt fram av Edgar Grindheim.
    Reknekapet vart godkjendt.
     
  7. HANDLINGSPLAN FOR  2012
    Handlingsplanen vart opplest av Kåre Hole . Denne vart godkjend .
     
  8. INNKOMNE SAKER + SAKER FRÅ STYRET
    Det var ingen innkomne saker eller saker frå styret.
     
  9. VAL AV NYTT STYRE OG REVISORAR
    På grunn av at ingen frå valnemda hadde anledning til å vere
    tilstades på årsmøtet hadde Edgar Grindheim fått i oppgave å lese opp valnemdas innstilling , Han leda også valget .

    LEIAR   ;                  KÅRE HOLE  , 1 ÅR  ,  ATTVAL
    STYREMEDLEM ;  MARLEN RIKSTAD  , 2 ÅR ,  ATTVAL
    STYREMEDLEM ; ERNA TUNSBERG  ERSTAD  , 2 ÅR ATTVAL
    1. VARA  ROALD DÅVØY  ,1 ÅR , ATTVAL
    2. VARA THOMAS RISNES ,1ÅR , ATTVAL
    3. VARA THORE JOHNSEN ,1ÅR , NYVAL
     IVAR SOLTVEIT OG  EDGAR GRINDHEIM VAR IKKJE PÅ VAL

    REVISORANE Kristen Risnes og Vidar Morken 1 ÅR , ATTVAL

  10. VAL AV NY VALNEMD
    Her leia Kåre Hole valget .

    1. ALV MYKSVOLL
    2. THORE JOHNSEN
    3. ATLE MARIUSSEN


                                                                              
                                                                        Møtet var slutt ca 22 .15


                                                                       Referent Erna Tunsberg Erstad