Årsmelding for Sotra Sau og Geit 2017.

 

I meldingsåret har vi hatt 2 styremøte, samt telefonmøter i forbindelse med kåring og fostertelling.

Styret har hatt denne samansettinga:

Leiar . Terje Strandtun

Nestleiar: Gisle Fjæreide

Kasserar. Evelyn Sommer

Medlem. Sturle Minde.

Medlem. Kenneth Fjeldstad.

 

Medlemstalet er nokså stabilt. Vi har mista nokre. Så vi er i 2017, 51 medlemmer, ein nedgang på 2, men eg trur vi har potensiale til nokre få nye. Det er plass til fleire på listene, så om nokon veit om fleire vi kan spørje, er det fint

Vi byrja året med fosterteljing, og dei fleste ser ut til å vera nøgd med treffprosenten. Om alle er nøgde med resultatet kan vel diskuterast, utifrå at nokre får mange lam og andre mindre lam. Det var og ein del feil telling i år, men det kan ha samanheng med at tellinga var tidligare enn andre år.

Årsmøtet i HSG vart halde i Nordheimsund og Gisle var vår mann der.

 

Vi hadde to gjeterhundkurs i år, eit på Skoge hos Jan Håkon og Evelyn og eit på Fjell, hos John Kjell, med Egil Syversbråten, som er ein annerkjent kursholder i miljøet. Eg trur at alle hadde god nytte av kurset, både unge hunder som gamle. Det er Evelyn og Dorothea som har arrangert desse kursa.

 Vi arrangerte ein markdag i mai i saman med landbruksrådgivinga, der vi tok turen ut til Svein Misje. Han fortalde litt om si drift, viste oss rundt på beitene sine, og kva arbeid han legg ned i dette for å få gode resultat på dyra sine. Vi avslutta kvelden med grilling hos Svein. Vi var ca 20 som møtte her, og det var ein trivelig kveld.

I år hadde vi kåring i fellesskap med dei andre laga i vår region. Sotra, Askøy, Osterøy, Bergen og Os. Kåringa gjekk føre seg på Os, i forbindelse med at Bondelaget der var 150 år, og det stilte ca 130 lam til kåring. Vi deltok i planlegginga og gjennomføringa av dette arrangementet, og mange flotte værer vart kåra. Det er dessverre få frå Sotra som deltek. Men vi må fortsatt helda oppe trykket på dei som har gode lam som kan kårast. Det er ikkje lett for dei som ikkje er ringmedlemmar å koma opp i høg nok index på lamma sine, men med inseminering så kan ein klara dette. Men trenden er at det er færre og færre frå Sotra som deltek i kåringa, og det er litt synd, fordi vi kan gjere det like bra som andre om vi vil. Salget av verer kan og aukast frå dei som kårer, men då lyt ein vera meir bevisst når ein handlar, at ein kjøper kun kåra verar.  Det ser ut som at dei som har inseminert i år og, har hatt bra resultat, og vi oppfordrar andre til å delta i denne jobben. Det same gjeld sauekontrollen. Det er eit godt verktøy for å ha ein god oversikt over flokken sin. Og om ein meldar seg inn no, får ein tre gratis år.

Andreas Vorland deltok på leiarmøte i HSG i haust. Styret har diskutert i den sammenheng at vi kjem til kun å senda eit medlem på slike møter, for å helde kostnadene nede. Han deltok og på ei samling på Knarvik om beiting i utmark.

Det har generelt vært lite aktivitet i laget, litt betre i år enn ellers, og vi har vore med på nokre Bondekafeer i Steffistøvo, som vi håper kan vera ein sosial samling for å drøsa om ulike saker ein er opptatt av.

Terje har delteke som medlem i landbruksnemda i Fjell kommune. Dette som representant for Bonde og småbrukarlaget. Ulike saker har vore diskutert der.

 

Skoge 19. februar 2018.