Årsmøte i Sotra Sau og Geit

Sak nr

 

 

1

Opning v/leiar Terje Strandtun

Innkalling godkjend med merknad:

Sjekke opp E-post adresser slik at flest mogleg får innkalling på e-post / Telefon. Fleire som ikkje fekk innkalling per E-post i år

 

 

2

Årsmelding:

Lest opp av Terje Standtun, ingen merknader til årsmeldinga 2017.

 

 

3

Rekneskap: Godkjend med merknader.

  • Rekningar til medlemmer føres som uteståande fordringar om dei ikkje har betalt innan rekneskaps året. (til no har dei berre vorte registeret ved innbetaling og då i feil år)
  • Avlsarbeid: denne posten er Kåringsutgifter
  • Varelager: varer på lager ? spørsmål ang. Føringa av dette
  • Ullsekkar: det er ikkje komme rekning på desse, laget kan sjå på og ta ein pris per sekk som inntekt til laget.

 

 

4

Val: valet gjennomført av Svein Lillebø:

Leiar for 1 år: Sturle Minde

Nestleiar: Gisle Fjæreide

Styremedlem: Kenneth Fjeldstad

Styremedlem for 2 år: Dag Sigve Arefjord

Styremedlem for 2 år: Andreas Vorland

 

Varafolk til styret:

  1. Stein Rune Fjeldstad
  2. Ronny Fjeldstad
  3. Synnøve Malkenes

 

Ettersynsnemd:

Nils Asbjørn Bildøy

Marton Morland

 

Valnemnd:

Leiar: Svein Lillebø

Medlem: Asbjørn Tautra

Varamedlem: Terje Strandtun

 

 

5

Godtgjersle til styret:

Uforandra – Godkjent

 

6

Årsplan 2018:

  • Medlemsmøte/vårmøte i Mars (ønske om veterinær, fortrinnsvis Kristin Gjerde
  • Grilling / Markevandring i Mai
  • Årsmøte i HSG: Stord, Gisle Fjæreide eller Dag Arefjord reiser
  • NM i bruk av gjetarhund 2018

Arrangerast i Omvikedalen/Rosendal, Spørsmål frå HSG om sponsing til arrangør. Vedteke sponsing av kr. 1 500,-

  • 02. – 04. Mars gjetarhund kurs hos Sturle Minde.
  • 02. Juni NSG sin Grillaksjon. Marknadsføring av sau/lamme produkter.