Velkommen til Voss Sau og Geit
Fjosmøte på Bulken
Voss Sau og Geit i samarbeid med Nortura, inviterer til fjosmøte i det nye sauehuset til Liv Brørvik Vatne og Erik Lunde på Bulken.
Velkommen til Voss Sau og Geit
Voss Sau og Geit i samarbeid med Nortura, inviterer til fjosmøte i det nye sauehuset til Liv Brørvik Vatne og Erik Lunde på Bulken.
Sundag 8. oktober frå vert det halde kåringssjå for alle rasar, i ridehallen ved Voss Vidaregåande skule. Kåringa startar kl 09:00, og dei som skal stilla ut dyr må møta opp i god tid.
Datoar for ullinnsamling er klare.
Det nærmar seg lamming, våronn og beitesesong. Då kan det vera greit å friska opp kunnskapen og rutinane litt, og samstundes møtast over kveldsmat, ein kaffikopp og litt drøs.
Måndag 13. mars kl 20 opnar Ragnhild Tennebekk Bjørke og Olav Bringedal fjosen sin og inviterer saman med Voss Sau og Geit til fjosbesøk.
Holdet på sauene er ofte eit diskusjonstema. Er dei i godt nok hold fram mot lamming? Kanskje nokre er magre, eller nokon i litt overkant andre vegen? Ein sau i passeleg hold er best rusta mot det som ventar i tida framover, både med tanke på sjukdomsførebygging, lammingsvanskar og mjølkeproduksjon.