Fagtur til Haugalandet
Voss Sau og Geit inviterer til fagtur til Haugalandet med gardsbesøk og overnatting på hotell, 8. – 9. februar 2025. Reiserute frå Voss om Stord til Sveio (2 gardsbesøk) og overnatting i Haugesund. Søndag to gardsbesøk, eit i Skjold og eit i Odda. Bussen tek 50 passasjerer, så her er det første mann til mølla!
Fagtur med Voss Sau og Geit
Voss Sau og Geit inviterer til fagtur til Haugalandet med gardsbesøk og overnatting på hotell, 8. – 9. februar 2025. Bussen køyrer frå Holbergsplass ved Park Hotel laurdag 8. februar kl 06.45.
Reiserute frå Voss om Stord til Sveio (2 gardsbesøk) og overnatting i Haugesund. Søndag to gardsbesøk, eit i Skjold og eit i Odda. Det vert lagt opp til stopp på Åkrafjordtunet så folk kan kjøpe seg lunsj på veg heimatt.
Bussen tek 50 passasjerer, så her er det første mann til mølla!
Program lørdag:
Gardsbesøk:
- Nedre Økland gard, Ole Velde i Sveio: Driver med 150 vinterfôra sauer, foredling av eigeprodusert kjøt og gardsutsalg.
-Åshild Øritsland Våge i Sveio: Driver med 250 vinterfôra sau, fôrer med fôrbrett og fullfôrmikser i tallefjøs.
Overnatting og middag på Thon Partner Hotel Saga i Haugesund.
Program søndag:
Frokost og avreise kl 09.00.
Gardsbesøk:
-Gudmund Håkull i Skjold: nytt sauehus 2022, 220 vinterfôra sau.
-Oddmund Hildal: Driv på Hildal i Odda, bygd nytt sauehus (ferdig 2020) til 300 vinterfôra sau, rullende fôrbrett og fullfôrmikser.
Priser inkluderer buss, overnatting og felles middag på hotellet, ein rett med lam inkl. dessert.
1 person i enkelt rom kr 2600.-
2 personer i dobbeltrom kr 3800.-
Meir info om tidspunkt og reiserute kjem etter påmelding, det kan komma litt endring i programmet, då vil de få oppdatering på dette.
Bindende påmelding grunna booking av hotell innan 20. desember til liv@lundefarmen.no eller 95733981.
For spørsmål ring Gjermund Seim, 97138606.