Ragnhild og Olav bygde nytt sauehus på Bjørke for nokre år sidan, og har rundt 300 vinterfôra sau, fordelt på fleire rasar. I tillegg driv dei med storfe og mjølkeproduksjon. 

Måndag 13. mars kl 20 får me komma på besøk og sjå på sauehuset. Dei vil fortelja litt om bygging og drift. 

Då det nærmar seg lamming, held me oss i fôrsentralen, og unngår å forstyrra lamtunge sauer. Det er kaldt i sauehuset, så kle dykk godt!

Det vert kaffi og enkel servering. Vel møtt!