Gjetarhundkurs for nybyrjarar
Voss Sau og Geit arrangerer kurs i trening og bruk av gjetarhund.
Kurset startar opp før jol, med to ettermiddagar, måndag 8. desember og onsdag 17. desember. Deretter vert det ei helg, laurdag og sundag, utpå nyåret. Datoar her kjem me attende til, og me prøver å tilpassa det kursdeltakarane.
Fyrste kvelden, måndag 8. desember vert det oppstart kl 18. Me byrjar med ein del teori, og litt lydigheitstrening.
Instruktør er Ivar Haug, og kurset vert halde heime hjå Ivar og Kristina, adr. Bordalsvegen 118.
Pris for heile kurset kr. 2500,-.
Påmelding til Liv B. Vatne, på sms/tlf: 95733981.
Fyrstemann til mølla!
Ved spørsmål, kontakt instruktør, Ivar Haug, på tlf: 97150041.