Det vert trening kvar veke, med unntak av veke 8, fram til påske. 

Det vil vera instruktør til stades, så dei som ynskjer det kan få hjelp og rettleiing. 

Treninga er for medlemmer i Norsk Sau og Geit, så medlemsskap der må vera betalt. 

Treningsavgift for heile sesongen er kr. 500,-, denne betalast til Voss Sau og Geit sin konto: 3480 17 04877. Merk innbetaling med namn og treningsavgift vinter 2023. 

Treninga vert driven på dugnad, og det er ynskjeleg at alle som er med på trening bidreg, og tek med seg sau minst ein gong i løpet av sesongen. 

Me ynskjer gamle og nye ekvipasjar velkomne. 

Har du spørsmål, kontakt gjetarhundansvarleg Øyvind Rivenes, tlf: 99420783, eller instruktør Ivar Haug, tlf: 97150041.