Det er trening kvar tysdag frå kl 18:00. Treninga er i utgangspunktet eigentrening, men dei fleste gongene vil det også vera instruktør til stades som kan rettleia og hjelpa ved behov. 

Treninga vert utført på dugnad, og for at me skal få det til er me avhengig av at så mange som mogleg kan vera med og byta på å ta med sau. Det er ynskjeleg at alle bidreg her!

Treningsavgift for heile sesongen er kr. 500,-, og denne betalast til Voss Sau og Geit sin konto: 3480 17 04877. Merk innbetaling med namn, og treningsavgift vinter 2025. Treninga er for medlemmer i Norsk Sau og Geit. 

Har du spørsmål, kontakt leiar i gjetarhundnemda, Liv B. Vatne, tlf: 95733981, eller instruktør Ivar Haug, tlf: 97150041.

Me ynskjer nye og gamle ekvipasjar velkomne!