Holdvurdering
Holdet på sauene er ofte eit diskusjonstema. Er dei i godt nok hold fram mot lamming? Kanskje nokre er magre, eller nokon i litt overkant andre vegen? Ein sau i passeleg hold er best rusta mot det som ventar i tida framover, både med tanke på sjukdomsførebygging, lammingsvanskar og mjølkeproduksjon.
Voss Sau og Geit vil arrangera fjøsbesøk/diskusjonsgrupper, der ein kan samlast, sjå og kjenna på sauene, og samtidig treffast og ha det litt sosialt.
Me deler opp i mindre grupper, alt etter kor mange som melder seg på. Me tek sauerase som utgangspunkt i gruppene, då det er variasjon på korleis haldet vert dømt utifrå det. Så avtalar me fjøsbesøk hjå dei som ynskjer det etterkvart, og tilpasser det alle på gruppa.
Har du lyst å vera med? Meld deg på, og skriv kva rase du har, til Kristina Jordalen, på sms: 97563604, eller e - post: kristinajordalen@live.no