Innmelding av lam gjer ein via innlogging på NSG sine sider www.saueavl.nsg.no. Ved spørsmål knytt til innmelding, kontakt Karluf Håkull tlf: 97165537 eller e - post: karluf.hakull@outlook.com.

Frist for påmelding er fredag 30. september.

Pris pr. stilte lam er kr. 160,-.

NB!!  Hugs å fylle ut eigenerklæringsskjema som skal leverast til sekretær på kåringsdagen.

Utstillers egenerklæring ved kåring av sau 2022-versjon2.pdf (nsg.no)

Eigar av dyr som skal stillast må vera hovudmedlem i NSG, og medlemskontigent for 2022 må vera betalt.

Det vert som vanleg kafè med sal av betasuppe, lappar, kaffi m.m.

Velkomne til alle, både dei som skal kåra, kjøpa eller berre vil kikka og slå av ein saueprat! J

 

Med helsing

Vaksdal, Vossestrand, Granvin og Voss Sau og Geit