Pølsekurs med Stian Espedal
Laurdag 6. november inviterer Voss Sau og Geit til pølsekurs med Stian Espedal.
Stian Espedal frå Nortura var på Voss og heldt slaktekurs for to år sidan. No kjem han attende, og denne gongen vert det kurs i å laga sauepølse. Det vert ei grov middagspølse med kjøt av sau og spekk frå gris.
Kurset vert 6. november i Hovdatun på Bordalen, frå kl 09:00 til ca kl 16:00.
Bindande påmelding til Kristina Jordalen, tlf: 97563604 eller e-post: kristinajordalen@live.no innan sundag 24.10.21.
Kursavgift er kr. 1200. Betalast til konto 3480 16 13871, innan kursstart.
Vel møtt!