Slaktekurs med Stian Espedal
Voss Sau og Geit inviterer til slaktekurs med Stian Espedal.
Tidspunkt: Laurdag 9. november 2019 frå kl 09:00 til 16:00.
Stad: Hjå Rune Gjeraker på Løno.
Stian har vore slaktar i Nortura i 22 år, og driv mykje kursvirksomheit i slakting. Han har og skreve bok om slakting og skjæring av dyr. Det vert høve til å kjøpe denne boka den dagen. I boka viser han korleis ein slaktar og skjærer ned både storfe, gris, sau og vilt. Alle prosessar vises tydeleg og lett forståelig gjennom tekst og bilete.
Praktisk info
-Kursdeltakere tek med kvar sitt lam eller sau. 2 stk kan og dele på eit dyr.
-Stian har med ein skrott han vil visa partering på. Dette dyret vert lodda ut i delar ved slutten av dagen.
- Stian har med alt av slakteutstyr og knivar.
Etter slaktinga vert det grilling og hygge. Dette er inkludert i prisen.
Kurset kostar kr 400,- per person (600,- for ikkje - medlemmer) og er avgrensa til 20 plassar, så her er det fyrstemann til mølla. Medlemmer i Voss Sau og Geit vert prioritert plass dersom kurset vert fullt.
Bindande påmelding til Kristina på sms 975 63 604 og med innbetaling til konto 3480 11 42836.