Ullinnsamling våren 2025

Oppdatert:
Informasjon om Norilia si ullinnsamling er no lagt ut. Merk dykk endringar i forhold til tidlegare år!
Fatland si innsamling er avslutta.
Det vert ullinnsamling for Norilia
torsdag 10. april.
Ruta er litt anleis i år, så merk dykk stad og tidspunkt!!
Vossestrand:
På Vinjo ved Sambygg
Frå kl 14:30 til kl 15:30
Voss:
På gardsplassen ved Voss Vidaregåande skule
Frå kl 16:00 til kl 18:00
Granvin:
Ved Joker Granvin
Frå kl 18:30 til kl 19:00
Merk dykk:
Lastebilane lyt få komma seg på plass, så det vert ikkje høve til å komma tidleg for å stilla seg i kø! Ta deg heller ein kaffikopp eller to før du kjem!
Vis god køkultur, og hjelp til med lessing!
For Fatland vert det fylgjande:
Voss:
Hengar vert parkert ved Meieriet ca kl 17, onsdag 2. april, og vert ståande fram til kl 09 torsdag morgon, 3. april.
Vossestrand:
Bilen står på Vinje, ved Sambygg, torsdag 3. april mellom kl 08:00 til kl 08:30!
Granvin:
Bilen står ved gamle Nortura-bygget (Vossakjøt), torsdag 3. april, mellom kl 09:30 og kl 10:00.
Det vert lagt ut lister som ein må hugsa å skriva seg på, med antal kolli!
Sjåfør hjå Fatland er Rolf Martin, tlf: 94378532.
Ved spørsmål, kontakt Kristina Jordalen, tlf: 97563604