Også i år var me så heldige å få dyktige Eirik Kolbjørnshus som instruktør. I tillegg var Kjetil Rødland med som hjelpeinstruktør. Me kunne difor ha heile 16 deltakarar på kurset. 

Fredagskvelden starta me med teori og opprigg av klyppeplassar, slik at alt var klart til klypping laurdags morgon. 

Ein spent gjeng gjekk i gang med godt mot kl 08:30 laurdag 6. november. Me var oppdelt på lag, tre og tre. Dei som ikkje klypte, sorterte ull og henta fram ny sau. Alle kom godt i gang, og før ettermiddagen var omme, var heile fjosen til Rune Gjeraker nyklypt. Me flytta oss difor vidare til Jon Atle Jordalen i Haugsvik. Har vart det opprigg, og me rakk ein god time med klypping før me tok kveld. Ein sliten gjeng hadde fått mykje å tenka på, og kanskje kjent på stive musklar ein ikkje ein gong visste om at ein hadde.

 

Sundag morgon var alle saman friske og raske att, og klar for ny økt. Me starta med stell av utstyr og sliping av kammar og knivar. Deretter var det i gang med klypping. 

Siste halvdel av dagen var avsett til test! Ein litt spent gjeng stod klar, og musikken var på full guff då Eirik og Kjetil starta klokka. Alle kom vel gjennom testen, og dagen vart avslutta med høgtidleg utdeling av diplom og sertifikat. 

 

Det var ei triveleg helg, med både blod og sveitte, men ingen tårer. Tusen takk til Eirik Kolbjørnshus og Kjetil Rødland for stødig instruksjon, gode tips, konkurranseinstinkt og mykje moro! 

Takk til alle som deltok på kurset, både deltakarar og særleg Sondre og Torjus som hjalp til. 

Ei ekstra stor takk til Rune Gjeraker og Jon Atle Jordalen, som stilte til saman ca 340 sau til disposisjon, utan dykk hadde ikkje dette vore mogleg.