Beiteutvalet og Fylkesmannen si landbruksavdeling inviterer til samlingar for beitelaga
Det vert 5 kveldsmøter å velje mellom; Kvam, i kveld 8. okt, Etne 9. okt, Odda 10. okt, Voss 11. okt og Lindås 15. okt
Jarle Helland og Svanhild Aksnes frå leiarmøtet i 2010
Møta startar kl 19.00. Frå beiteutvalet møter leiar Jarle Helland og frå landbruksavdelinga fylkesagronom Svanhild Aksnes. Leif Trygve Berge frå NLRH orienterer om erfaringar frå prosjektet med radiobjøller. Han er og ute etter erfaringar frå brukarane av radiobjøller.
Det vert oppmoda om at 3-4 frå kvart beitelag møter. Sjå meir info hjå Fylkesmannen.