Resultatet har vorte "mandagstreff" første mandag i månaden. Då treffest dei på ymse gardar og har fagleg og sosialt påfyll. "Dette har vorte ein stor suksess" seier leiar i Bømlo Sau og Geit, Ivar Turøy. Vi kan læra mykje av kvarandre, og så er det kjekkt å treffast.Mandag 6. januar gjekk turen til Sveio Smalesamdrift DA. Her tok eigarane Arvid Bentsen og Ole Andreas Våge imot dei. Ole andreas viste rundt, orienterte om drifta og svara på dei mange spørsmåla etter beste evne.

Sveio Smalesamdrift DA er eit stort sauebruk på våre kantar. På bilde over ser vi nokre av dei 110 påsettlamma. Totalt hadde dei para og inseminert vel 350 søyer denne sesongen. Etter omvisninga gjekk turen inn på "kontoret" der det vart servert kaffi og noko å bita i. Her gjekk praten livlig og spørsmåla var mange.

Halv elleve takka dei 17 bømlingane Ole Andreas og Arvid for at dei fekk koma, og sette turen heimatt.

"Dette har vorte ein svært positiv aktivitet i lokallaget vårt, og er noko eg kan tilrå andre" avsluttar Ivar før han set seg i bilen.