Avlsutvalet i HSG arrangerte møter fem stader i fylket der tema var bruk av avkomstgranska -og eller kåra ver.

Møteserien hadde som mål å synleggjera økonomien i å bruka verar frå avlsarbeidet. Det er stor årleg framgang i saueavlen, men dette er ikkje kjent nok i mange bruksbuskapar. Kvart år vert mange kåra lam og avkomstgranska verar sendt til slakt. Dette er dårleg utnytting av avlsframgongen. Målet i saueavlen er å spreia denne til bruksbuskapane. Dette oppnår ein når flest mogleg av dei verane avlsbuskapane produserer vert brukt.

Skildnaden mellom verane i ei prøveverguppe utgjev seg til kr 14.600 på 100 slaktelam. Når ein risbitver med indeks på 125 kostar kr 4.300 ser ein at det er god økonomi i kjøp av ver som gjev auka utbytte.

Presentasjon frå møta med dokumentasjon finn du her:

Bruk av avkomstgranska -og eller kåra ver.      Kva avgjer kva verar eg skal bruka?

På bilete ser ein to svært nøgde verakjøparar, Anders Skjerveggen og Siren Bryn frå Voss.

Anders har kjøpt 201050147 STAS LEIVESTAD med o-indeks 137 og delindeksar 125-131-113-128-131-113

og Siren har kjøpt 201050542 LASSE HOVE med o-indeks 134 og delindeksar 137-135-103-101-113-117       

Verane kjem frå Ring 154 Strilavereringen. Begge har kjøpt indeksverar i mange år, og dei er sikre på at dette gjev god uttelling på økonomien i produksjonen deira.