Fagsamling for sauebønder i Hordaland, kvar haust, for alle
Hordaland Sau og Geit inviterer til fagsamling på Voss 25.-26. oktober.
Hordaland Sau og Geit har i mange år hatt leiarsamling på hausten. Leiarsamlinga har tradisjonelt bestått av ein eller fleire frå styret i alle lokallaga. Dette har vore kjekke faglege møtepunkt med godt oppmøte.
Dei siste åra har vi døypt om samlinga til fagsamling/leiarsamling med ynskje om at det møter opp fleire sauebønder utover styra i lokallaga. Denne hausten døyper vi samlinga om til Fagsamling for sauebønder i Hordaland og håper dette vil verke endå meir inkluderande slik at fleire kjenner at "Dette har eg lyst til å vere med på"!
Med dette ynskjer styret i Hordaland Sau og Geit alle medlemer velkomne til Fagsamling for sauebønder i Hordaland 25.-26.oktober på Fleischer på Voss.
Vi er godt igang planlegginga - program og høve til påmelding kjem snart.