Framtidig sauehald krev rett behandling av innvollsnyltarar
Dette er tema i fagmøte på Sandeid Samfunnshus, Sandeid torsdag 10. januar kl 19.30
Hordaland Sau og Geit, Rogaland Sau og Geit og Nortura SA inviterer til fagmøte, der ein av landets fremste innan fagområdet innvollsnyltarar, kjem til Sandeid. Atle Domke er veterinær ved Norges veterinærhøyskole Seksjon for småfeforskning i Sandnes.
Atle tek føre seg det siste innanfor dette området i foredraget sitt. Målet er at parasittane ikkje skal påverka saueproduksjonen negativt i høve til dyrevelferd og økonomi.
Olav Tørresdal frå Mattilsynet er og med. Han tek føre seg medisinering i eigen buskap.
Gunnar Dalen, lokal veterinær tek føre seg utfordringane lokalt innan næringa
Møtet er ope for alle interesserte, og vi vonar mange finn vegen til Sandeid denne kvelden.
I tillegg til fagleg påfyll og saueprat vert det matservering.