Suksess med fagmøte i forkant av lamminga

Tysdag 25. mars arrangerte me fagmøte på sau, i Vossasalen på Park Hotell. Møtet var eit samarbeid mellom fem lokallag, Vossestrand, Vaksdal, Ulvik, Indre Hardanger og Voss Sau og Geit.
Me var spente på oppmøtet, og salen var rigga til ca 80 stk. Men i god tid før møtet strøymde det på med folk, og me måtte på leit etter både stolar og bord. Heile 130 stykk møtte fram, og det syns me var utruleg kjekt! To av dei tilsette i Voss Sparebank kom og stod i døra og delte ut både twist og ei triveleg helsing til alle som kom.
Til å starta møtet, kom trubadur Eirik Straume Normann. Han hadde med seg gitar, og fortalte både skrøner og song, til stor latter frå publikum. Eirik er sjølv sauebonde på Straume, og mange kjende seg nok att i historiane hans. Ei triveleg opning på møtet.
Som føredragshaldar hadde me invitert spesialveterinær i Animalia, Vibeke Tømmerberg. Tema skulle vera relatert til tida me no går i møte, lamminga. Kring sjølve lamminga, snakka Vibeke om fødselshjelp, råmjølk og kopplam. Vidare var ho innom mastitt, både førebygging, og behandling. Som avslutning var ho innom parasittar, og korleis ein bør behandla både sau og lam før fjellsending. Det var eit godt føredrag, som passa for både ferske og erfarne sauebønder. Ein vert heldigvis aldri utlært, og uansett er det godt med ei oppfrisking og ny kunnskap!
Halvvegs i programmet vart det ein pause, der me fekk påsmurte rundstykker, kaffi og god drøs.
Alle som møtte fram fekk eit lodd når dei kom, og avslutningsvis trekte me fine premiar på desse lodda. Hovudgevinsten var ein storsekk med kraftfôr frå Felleskjøpet, noko som også heilt sikkert var med på å trekka litt folk.
Arrangørlaga ynskjer å retta ei stor takk til dei som sponsa oss, både økonomisk og med flotte gåvepremiar på møtet:
Voss Sparebank, Vekselbanken, Felleskjøpet, Eik - senteret, Grendaservice, Fjøssystemer, Flor, Kari Traa, Smalahovetunet, Nortura og Fatland.
Og til slutt, tusen takk til alle som kom på møtet. Veldig kjekt å arrangera, når oppslutnaden er så god!