Hektiske morgontimar i sauefjøsen
NRK-programleiarane var imponert og godt nøgd med morgonsendinga frå sauefjøsen til Magnar Stien
Dei tre timane sendinga varte fekk dei vera med på to fødslar, ein av dei med keisarsnitt. Siv Fossåskaret og Anders Ekanger synest det var ei flott oppleving og dei fekk læra mykje om sau og lamming.
Takk til Magnar Stien som stillte sauefjøsen sin til disposisjon som "studio" denne morgonen.
For dei som ikkje fekk sendinga med seg i dag tidleg, her finn de opptaket på NRK Nettradio:
http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-hordaland/dkho01007913/19-04-2013